tirsdag, januar 22, 2013

Dagbok 2013

Klokka er 14.25, og akkurat der kom sola i Osskaret. Ho er der litt lenger for kvar dag. 
Vi var ein tur nedover før middag, og då vi kom heim, stod termometeret i bilen på minus 13 grader C. Men vår eigen gradestokk viste minus 10. Kaldt nok! Men fint! Sola varmar godt inn glaset, så lenge det varer.
Vi har nettopp ete eit enkelt måltid med spekemat, poteter og blomkålsuppe. Etter at vi hadde ete, laga eg ein brøddeig som no står til heving. På tide å komme inn i gode, gamle vanar.
I dag orka eg ikkje å gå tur, det var rett og slett FOR kaldt.
Eg har lenge gått og sett etter lave støvlettar/skolettar, på sal. Brukar slike det meste av året i staden for sko-også når eg skal vere litt "fin". Eg har eit par som eg brukar til best -dei gongane eg kan sitte i ro, men dei egnar seg ikkje å trakke rundt i på pensjonistmøte. I dag fann eg meg eit par som eg var nøgd med- og det til halv pris. Dei er store nok til å ha varme lestar i, og veldig gode å gå i.Dei er i svart semska skinn og av merket Softwalk. Dei hadde dei i grått, og det ville eg helst hatt, men der var berre str. 36.
Vil presisere at vi ikkje brukar å sette frå oss sko på salongbordet. 
No er sola vekk. Heile herligheita varte 1 kvarter.
I går kveld var Solveig utan samband med omverda, dei hadde greve ei grøft og sikkert kome bort i leidningar. Takk og pris for mobilane.

4 kommentarer:

solveig sa...

Fine støvlettar! Eg har og kjøpt meg eit par par ...
No manglar vi berre gatelys!

arieldog sa...

Lekkert skotøy (er det skolettar?)! I morgon skal eg vakte på sola her, det er spennande å sjå kor mykje meir sol ein har fått siste dagane. Snart kjem regnet, då gløymer ein slike problemstillingar.

Anonym sa...

Fine støvletter. Her går det i selskinn og dun. Det har stort sett vært strålende sol og kaldt lenge, i dag -22. Nå har det vært kaldt så lenge at vi kaller -10 for mildvær. Kjempefint å se ut av vinduet på mye snø og sol, men det frister ikke å være så mye ute i kulda. Unga er litt snørrete også.
W

Besta sa...

Vi har hatt nydelig vêr heile vinteren, men dessverre ikkje snø. Har aldri sett så lite snø i fjella før. Vi er litt sure for at fineveret kom akkurat mens sola er "borte" her. I går var det minus 13, men det er kaldt NOK utan snø og sol.Fredag skal det visst bli mildvêr.

Dagbok 2024: 29.april

 Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 11 grader, det er mest overskya, men opplett og solstreif. I dag har Rasmus og eg vore heime ålei...