onsdag, januar 02, 2013

Dagbok 2013: 2.januar

Klokka er snart 18.00. Temperaturen ute er +3 grader. Det kom litt snø i går kveld som ligg enno, men det er meldt mildare vêr og regn, så då fer den vel.
Nils sjekka yr.no i går kveld og planla fisketur i dag sidan det var rimelig gode meldingar. Han reiste ut ca 10.30 og kom att i 14-tida med bra fangst som han har hengt opp ute i garasjen. Han tok bilde av fangsten, og eg syntest dette "negative" bildet vart morsomt, sidan vi ser litt av kvart av det som er lagra i garasjen.Og fisken berre heng der som svarte skuggar. I morgon blir det vel filetering.
Mens han var vekke rydda eg opp i huset og vaska golv etc. Så fekk eg lagt siste hand på to par lester mens eg høyrde lydbok på datamaskina. Boka eg held på med no er såpass krevjande at eg må konsentrere meg, og det gjer eg best når eg har noko å henge fingrane i.
Vi har ikkje ete middag enno, for vi tok ei brødskive og ein kaffikopp då Nils kom heim. No blir det fersk småsei til sein middag. Vi er ikkje så nøye på kva tid vi et,  har ikkje noko eller nokon å ta omsyn til. Sikkert er det at det er godt å kome inn att i den vanlige tralten og ete sunnare og mindre feit mat etter all kjøtmaten i jula.
Kvar gong det er slutt på ein ferie tenkjer eg på kor godt det er å sleppe å begynne på jobb igjen. No kan vi "nave" med godt samvit heile året.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26. november

                                            På toppen av Storebakken Klokka er no16.00, temperaturen på trappa er + 6 grader c. Det er overs...