tirsdag, januar 01, 2013

Dagbok 2013 - 1.januar


Klokka er no 11.20 på første dagen i det nye året.Temperaturen er + 3 grader C, og det er fint, lettskya vêr. Berre litt snø ligg att på markene. Nils vil ut og gå tur, men eg føler meg ikkje heilt klar enno.
Det var langt på natt/morgonen før eg somna. Kan aldri hugse det har vore så mykje skyting noka nyttårsnatt før. Ikkje berre lyste det opp heile bygda med alle fargane, det small heile kvelden. Eg er for gammal til å like dette.
Det har vore litt diskusjon i familien om kor vidt det heiter Godt nyttår, eller Godt nytt år. For meg har dei to seiemåtane ulik tyding. Når eg skriv nyttår, meiner eg nyttårsfeiring, med nytt år meiner eg at alle må få eit godt nytt år. Og det er det eg ønsker i dag. At det må bli eit GODT NYTT ÅR. Sjølvsagt veit vi at ikkje alt blir godt i det nye året heller, men ØNSKE det kan vi.
I dag fyller Magnus på Eid 18 år, og blir såleis ein myndig kar. Gratulerer med dagen!
For moro skuld leita eg opp blogginnlegget frå 1.januar i fjor. Vêret var til forveksling likt slik det er i dag.
Elles ser de at eg har endra overskrifta på blogginnlegget til Dagbok, det skulle dekke dei fleste tema.
                        Dette bildet er frå 1.januar 2012.

4 kommentarer:

Hildegard sa...

Godt Nytt År!
Fredeleg føremiddag her no. Enormt med rakettar her i Alleen, reine galskapen,så vi bardunerte oss i TV-stova med Varieteshow og De Derre. Max og Viktor klarte seg bra, sjølv om dei reagerte litt på støyen.

arieldog sa...

Godt nytt år - eg er einig med deg om at skrivemåtane har ulik tyding.

Besta sa...

Bror din sende dobbeltmelding, så han har også fatta det.

solveig sa...

Eg har ikkje vore med i språkdiskusjonen, men ser eg har skrive godt nytt år, og har lagt den meininga du gjer i det.

Dagbok 2024: 2.mai

Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...