fredag, desember 14, 2012

Vêrmelding 14.12. 2012.

Klokka er no 21.15. Temperaturen er minus 2 grader, og vi har hatt enda ein fin dag. Litt skya om morgonen, men så klarna det opp att.
I dag rigga vi oss til for handel. Først ein tur på El-kjøp, så  på biblioteket og så Amfi. Og kven møter vi der? Slekt frå Stryn på julehandel her. Vi tok ein runde i byen, ein tur på fru Svendsen og innom mange butikkar. Og kven møter på ein av butikkane? Margrete- på julehandel i Ørsta. Innom Amfi igjen, enda fleire butikkar. Margrete ringer etter gode råd og vi avtaler møte.Tek farvel med stryningane og køyrer til Jernia, hjelper Margrete med å bestemme seg, og så er det tilbake til Amfi igjen. Og NO får vi handla litt. Kassa-sjokk! Varene kostar ikkje det som står på prislappen, men ca halvparten. Greitt nok for oss det-men det er noko som er FEIL.
Så klokka 15.30 er vi heime att og lagar middag. Kikar innom FB. Melding frå Solveig, dei kjem innover for å kjøpe kjole til Olaug. Så då klokka var vel 19, var dei her.Olaug hadde fått seg kort ballkjole i off-white med blonder og gull.Såg ut som den var str.6 år, men slik er moten no.
Det har vore ein kjekk og sosial dag.
Bildet er tatt i dag i 10-11-tida.
Ønsker alle ei god helg!

2 kommentarer:

solveig sa...

Ja, jula er allereie på halv pris!
Elles kan eg melde om 6- her og 2+ i Eiksund på vegen heim.

Takk for oss!

Hildegard sa...

Litt av ein handledag på dokke! Det må vel kvalifiserast til svart belte i shopping? Kjekt at de traff på slekt frå Stryn m.fl. Ha ei fin helg!

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...