Klokka er snart 19.00, temperaturen er +4 grader C og det er overskya opphaldsvêr. Vi føler nesten at vinteren er over- for denne gong. Ser på TV at dei har fått snø på Jæren, ikkje verre enn vi plar ha dei fleste år.
Før middag var vi på ein butikkrunde igjen, men å handle på laurdag er nesten håplaust, der er så mykje folk. Då vi kom heim var eg skikkelig sliten -vi tok oss eit måltid med sild og egg+ brød, og så vart eg liggande på sofaen ei god stund. Skal slappe av i kveld, for i morgon skal eg lage fiskekaker blant anna. Og så har eg ei veke til å førebu jula, meir enn eg hadde i mitt yrkesaktive liv, men eg kjenner at kreftene ikkje er som før- eller kanskje er det berre forbigåande?
Trefte mange kjende i dag også, men vi vart ikkje ferdige med handlinga i dag heller.
Det er så mange tilstellingar, konsertar etc. eg skulle likt å vore med på, men eg har rett og slett ikkje energi til overs, så vi får kose oss framfor fjernsynet.
Oppmodar alle til å slappe av frå julestresset, jula varer eigentlig berre eit par dagar. Har ikkje bilde å legge på bloggen, fordi eg ikkje somla meg til å fotografere før det vart mørkt.Som de kanskje har oppdaga får eg no lagt inn bilde igjen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 202: .26 okrtober
Klokka er no 17.52, temperaturen ute er +8 graderC, og det regnar...og regnar. Men eg har det varmt og tørt innomhus, så eg lid inga naud....
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
1 kommentar:
Det er altfor mykje stress føre jul, alt skal opplevast, lagast, smakast, kjøpast.... Når jula kjem, er ein metta. Svigersonen min kom frå Rogaland i går, han var ikkje særleg imponert over snømengdene, men vi er vel vane med slikt ver her på våre kantar.
Legg inn en kommentar