Klokka er berre vel halv seks, men det er bekmørkt ute, så det følest som seine kvelden. Det er nesten klårt og + 3 grader C ute.
I dag stod Nils tidlig opp og fór på sjøen for å fiske. Eg tenkte eg kunne ligge frampå litt, men det andra eg på då eg stod opp og såg det fine veret!
Etter at eg hadde gjort litt husarbeid, gikk eg ein tur rundt Storebakken i det herlige veret, kjende fort at eg hadde kledd meg litt for godt. Temperaturen var +8-10 grader. Som de ser på bildet ligg den store tømmerdungen der oppe enno, ser ikkje heilt ufarlig ut.
Då eg kom heim var Nils komen heim, han hadde fått sei, men berre småfisk. Blodfersk småsei/pale er veldig godt det, men søvndyssande, så det blei ein liten strekk på sofaen i dag også. Etter ein god kaffikopp vart det ein liten tur på nærbutikken for å sikre oss diverse nødvendige matvarer som vi gløymde i går. Og så er kvelden her. Irriterer meg litt over at vi ikkje kunne ha sommartida lenger.Kanskje eg må til å sette på vekkerklokka for å få meir dagslys? Det nyttar i alle fall ikkje å irritere seg over det ein ikkje kan gjere noko med.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026 : 7.oktober
Klokka er no 19.27, temperaturen ute er + 8 grader C, Og i dag har det vel stort sett vore opplett. Eg har knapt vore ute for døra, så eg ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...

2 kommentarer:
Det er sant, men ein vert trøtt ein time før tida - sjølv om ein søv ein time ekstra ...
Eg vert sjelden trøtt om kveldane, og slett ikkje før tida. Det er om morgonen eg søv best.
Legg inn en kommentar