lørdag, november 03, 2012

Vêrmelding 3.november - 2012

Klokka er berre vel halv seks, men det er bekmørkt ute, så det følest som seine kvelden. Det er nesten klårt og + 3 grader C ute.
I dag stod Nils tidlig opp og fór på sjøen for å fiske. Eg tenkte eg kunne ligge frampå litt, men det andra eg på då eg stod opp og såg det fine veret!
Etter at eg hadde gjort litt husarbeid, gikk eg ein tur rundt Storebakken i det herlige veret, kjende fort at eg hadde kledd meg litt for godt. Temperaturen var +8-10 grader. Som de ser på bildet ligg den store tømmerdungen der oppe enno, ser ikkje heilt ufarlig ut.
Då eg kom heim var Nils komen heim, han hadde fått sei, men berre småfisk.  Blodfersk småsei/pale er veldig godt det, men søvndyssande, så det blei ein liten strekk på sofaen i dag også. Etter ein god kaffikopp vart det ein liten tur på nærbutikken for å sikre oss diverse nødvendige matvarer som vi gløymde i går. Og så er kvelden her. Irriterer meg litt over at vi ikkje kunne ha sommartida lenger.Kanskje eg må til å sette på vekkerklokka for å få meir dagslys? Det nyttar i alle fall ikkje å irritere seg over det ein ikkje kan gjere noko med.

2 kommentarer:

solveig sa...

Det er sant, men ein vert trøtt ein time før tida - sjølv om ein søv ein time ekstra ...

Besta sa...

Eg vert sjelden trøtt om kveldane, og slett ikkje før tida. Det er om morgonen eg søv best.

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...