søndag, mai 20, 2012

Vêrmelding 20.mai - 2012

Klokka er snart 13.00, ute er det nydelig , lettskya ver, men berre + 12 grader.
Før, då eg var lettare til beins enn no, gjekk vi som regel  tur om sundagane. Ein kort og lett tur var å gå rundt Bjørdalsvatnet, eller Dalsvatnet, som er det rette namnet. Denne turen har eg lengta etter å gå igjen, og i dag greidde eg det. Det er grusa "bilveg" heilt rundt, så det er ingen krevande tur. Vi hadde høyrt rykte om at Dagmar hadde herja vilt inne i dette området, som er nesten som ei gryte med fjell på tre kantar. Og rykta laug ikkje. Mykje granskog hadde vinden tatt, og mykje var blitt saga ned. For med var det berre ein fordel, for no fekk vi sjå glimt av vatnet mens vi gjekk. Detsom ein går over fjellet her, kjem ein ned i Austefjorden, på vegen til Volda.
Ved inste enden av vatnet var all skogen borte.
    Somme stader hadde det nok gått ras også.
Her er vi komne rundt, og ser oss tilbake; då var sola skikkelig framme også.
På vegen heim, stoppa vi ved denne brua som ligg nær Dalane skule. Fabelaktig ingeniørkunst frå gamle dagar!


2 kommentarer:

solveig sa...

Det er flott å sjå slike gamle bruer - og steingardar. Flott dei vert tekne vare på!

Bjørg sa...

De hadde ein fin tur i dag rundt Bjørdalsvatnet.
Eg har lese referate3t ditt frå ØP i Mørenytt. Godt referat! Såg at de kanskje kjem til Larvik. Håper vi ser dokke då.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...