fredag, april 13, 2012

Vermelding 13.april 2012

Klokka har passert 17.00, temperaturen er + 4 grader C. Skodda ligg nesten heilt ned på marka og det regnar.
Nei, då var det noko anna uti Ulsteinvik. Der var det lettskya, opplett - og vest i havet var himmelen blå.
Vi reiste utover tidlig på føremiddagen, etter først å ha vore innom biblioteket. Har vore der før i veka og lånt tre bøker, men den eine fann eg ut at eg hadde lesefør, den andre var det "feil" på, den tredje har eg snart lese ut. Så derfor altså.
Ærendet i U.vik var å kjøpe eit anheng til det fine perlekjedet eg fekk av barna mine til 70-årsdagen. Var innom gullsmed Waage og fekk veldig god sørvis der. Eg ville ikkje ha eit anheng som var for pinglete, så eg fall for eit eloksert sølvhjerte. Eg tykte det var litt for mørkt, då pussa han det med litt sølvpuss, så det vart meir slik som eg ville ha det.
Elles såg vi oss litt omkring i byen, og konkluderte med at det er meir å få kjøpt der enn her heime. På Oslo Glassmagasin fekk eg meg nytt kvardagsbestikk til 99 kr. Trengde litt påfyll i kjøkkenskuffa. Kjøpte ein liten ting som Margrete skal få til sitt kjøkken også. Kjekt å kjøpe litt til andre når mine eigne skuffer og skap er meir enn oppfylte.
Nils fekk seg ein tur på Biltema, der han fann ein del til båtpumpa som var så billig i høve til det rørleggarane skal ha, at vi sparte inn heile turen.
Då vi kom tilbake til Ørsta handla vi på COOP i Furene. Der fekk vi 4 pr. kjøttpålegg for 50 kr og 5 pk.kjøttdeig for 100 kr. Så i dag har vi gjort det godt.
Då eg kom heim fekk eg melding om at det blir Seniorkino torsdag i neste veke.Det er framleis "The Best Exotic Marigold Hotel" som står på plakaten.
Så steikte vi sei til middag, og Nils har allereie slokna i godstolen. Eg skal ta fram lydboka mi. Så er det liksom helg.

2 kommentarer:

solveig sa...

Fint anheng! Det fornya smykket!

Besta sa...

Ja,eg er veldig fornøgd med det, og viss eg heller ville ha ein rund ring i staden for den ovale, var det berre å komme att. Kjekke folk på butikken.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...