Klokka er snart 18.00. Temperaturen ute er + 5 grader, og det regnar og blæs. Nils for ut på Rjåneset og skulle sette garn i lag med ein ny fiskekamerat som bur der ute. Det var visst meldt fint ver i morgon når dei skal drage.
I dag har eg vore relativt flittig. Eg støvsuga og vaska til helga før middag. Klokka 14.00 kom Solveig og Olaug, dei var på shoppingtur til Ørsta. Måtte ha litt ferie, dei også, sidan "karane" hadde vore i Barcelona.
Vi serverte rømmegraut og spekemat, så det var lettvint.
Gjestane for i fem- halv sekstida, dei skulle innom den store Coopbutikken i Furene også, før dei reiste heim. Så akkurat no er eg heime åleine.
Kan ikkje seie at dei som har hatt vinterferie denne veka har vore så heldige med veret.
No vil eg i alle fall ønske alle som les bloggen ei god helg, uansett ver- og førforhold.Den nydelige kvite hortensiaen fekk eg av Solveig i forseinka morsdagsgåve.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar