torsdag, november 03, 2011

Vermelding 3.november - 2011

Klokka har passert 13.00. Ute er det strålande ver og + 16 grader i skuggen. Så fekk vi endelig litt sommar! 
Nils har halde fram med skogsarbeid i dag. Han vedar på kommunalt område nær bilveg, så det går greitt. Viss  de har gode auge, så ser de bilen. Vegen heiter Fonnavegen-det var der eg crasha med spark for eit par vintrar sidan. Han for inn rett etter frokost og kom snart att med eit lass, og så for han inn att. 
Eg pussa vindu både ute og inne, og alle veit vel korleis det er når sola står lågt på himmelen. Men kven kan pusse vindu ute når det regnar og blæs. No er det gjort til jul, seier eg.
Så gikk eg inn til NIls og då stod han klar med lass nummer to, så eg sat på heim.Han brukar båtvogna til å frakte veden på. Han har enda eit lass liggande. Der er nok å ta av! Hadde han hatt kyrkjegardsgartnaren med seg, hadde dei hatt fine dagar no.



Nils har brukt dei gamle "Dalsfjordingane" sine i skogen, men i dag vart han litt våt på føtene. Han kom og viste dei fram og bad om løyve til å kassere dei. Det vart innvilga.
No skal vi ete kyllingrestar frå måndag. Tek det lettvint i matvegen i fineveret.

3 kommentarer:

Hildegard sa...

Artige bilder. Kanskje Nils skulle hatt vernesko når han jobbar i skogen?
Svein fekk nye til bursdagen sin, lette og fine, kjøpt på Felleskjøpet.
Eidabesta

Besta sa...

Godt tips! "Dalsfjordingar er "nesten" vernesko, dei vart i si tid produsert på ein skofabrikk i Dalsfjorden. Fabrikken er no nedlagd. Eg hadde også eit par, som einkvan har arva , det er eigentlig fjellsko, men eg tykte dei vart noko stive og tunge å gå i.

solveig sa...

Olaug har slikte ut dei, meiner eg!På fjellturar.

Dagbok 2024: 21.desember

 Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +5 graderC ogdet regnar, og PC-en spår om enda meir regn, greitt nok for meg, regnet slepp vi å mok...