torsdag, november 03, 2011

Bok nr. 63 - 2011: Kadaverdoktoren

Året er 1894.Staden er ein provinsby i Frankrike. Der bur legen Albert Karno, som er enkemann, og dottera Madeleine. Når nokon i byen dør, er det oppgåva til legen Karno å finne dødsårsaka, det er derfor han har fått det ufine kallenamnet "Kadaverlegen". Madeleine er umåtelig interessert i det faren jobbar med, og noko motvillig let han henne få assistere han i arbeidet.Dei arbeider også saman med ein politimann. Det er Madeleine som har forteljestemma gjennom heile boka.
Det er veldig spesielt med ein kriminalroman der handlinga er lagt til ei heilt anna tid, utan alle dei hjelpemiddel som vi har i dag, og eg går ut frå at forfattaren har drive research, slik at det er i samsvar med slik det verkelig var.
Mi meining: Første delen av boka er både interessant og til dels spennande, men så tek det liksom heilt av, og det blir ganske rotete og uoversiktlig; eg misser tråden meir enn ein gong. Oppklaringa kjem til slutt, og er kanskje ikkje slik ein ventar. Boka er velskriven, og opplesaren les særs tydelig og greitt.(Det finst mykje stoff om boka på nettet for dei som er interesserte i å vite meir.)

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mai

Klokka er no 17.56 , ute er det overskya, opplett hittil og berre +16 grader, det var litt av ein overgang, og eg likar det ikkje. Og no er ...