onsdag, november 02, 2011

Vermelding 2.november - 2011

Klokka er16.00, temperaturen + 10 grader og vi har hatt ein fin dag.Lettskya med ein del sol. No er det nesten heilt klårt ute.
I går då vi gjekk tur, såg Nils seg ut nokre tre som han ville ha til ved, så i dag for han på vedaskogen. Eg skulle komme etter når eg var klar, men først måtte eg vaske ned badet. Rart med det, når sola kjem fram, ser ein mykje som skulle ha vore gjort inne også.Då eg var ferdig å vaske, kom han att, og det var tid for å lage middag.
No skal eg henge opp ein klesvask, så går eg kanskje ein tur etterpå. Det er meldt strålande ver i morgon også, men fredag kjem regnet, så ein må nytte fineveret mens det er her.
Det er fin utsikt frå altanen vår no når trea misser lauvet, men der er ein tjukk, svart telefonkabel som alltid kjem i vegen.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mai

Klokka er no 17.56 , ute er det overskya, opplett hittil og berre +16 grader, det var litt av ein overgang, og eg likar det ikkje. Og no er ...