tirsdag, november 01, 2011

Vermelding 1.november - 2011

Klokka er 13.15. Temperaturen er + 15 grader C, det er skya opphaldsver og litt vind. Deilig ver for årstida får ein vel seie.
I dag fekk eg endelig gjort ein jobb som eg har utsett lenge. Eg fekk vaska ned kjøkkenet. Skuffer og skap i nedre regionar tek eg etter kvart -etter behov. I dag tok eg overskapa + tak, vegger etc. Ikkje all verdens arbeid, det er mest tiltaket med å kome i gang. Men no når vi endelig fekk "sommar", kom energien også. Nils hjelpte meg litt med å ta opp og ned frå skapa, slik at det ikkje blei for mykje klatring , det er det verste for meg.
Nils har vore nedover og kjøpt melk, så no skal vi koke oss litt graut av risrestar frå i går. Så blir det kanskje litt "middag" seinare på dagen. Eigentlig burde ein vel nytte høvet til å vere ute før det begynner å regne igjen.
Kl.17; No har vi gått ei runde i nærmiljøet, for enno er det opplett og fønvind. Hadde ei jakke utanpå T-skjorta, og vart altfor varm. Måtte det vare!

1 kommentar:

solveig sa...

Det seier no eg og. Måtte snøen og kulden la vente på seg!

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...