mandag, oktober 31, 2011

Vermelding 31.oktober - 2011

Klokka nærmar seg 20.00 og dagen er snart historie. Ute er det overskya og litt regn, slik det har vore i heile dag.Temperaturen er + 13 grader C, så vi slepp å fryse. Det slepp sikkert Rasmus også, som har fått montert varmepumpe i dag.Av merket Mitsubishi.
Starta dagen med telefonsamtalar og mailskriving. Scanna litt frå Fjordabladet også,likar å ha saker og ting liggande trygt på maskina, om avisa skulle forsvinne.Alt tek si tid. 
Det har ikkje skjedd all verda i dag, men vi har no hatt besøk av Margrete og alle fire ungane, noko som har blitt ein tradisjon-annankvar mandag. I dag fekk dei kylling og ris+kakerestar og is. Amanda var ikkje frisk i dag, no har ho fått den stygge forkjølinga. Ho ville møte opp på balletten , men ikkje danse. Ho skulle berre vere der for å sjå og lære.
Nils og eg var ein tur på butikken før middag, elles har vi ikkje gjort så mykje fornuftig. Men no skal eg ta meg ein liten tørn og rydde på kjøkkenet, mens Nils ser fotball. Is that a good deal?
Har gløymt å ta bilde av veret i dag, men de veit vel snart korleis gråveret ser ut frå altanen vår?

3 kommentarer:

solveig sa...

Eg rømte på jobb mellom 18 og 20 i dag og fekk retta ferdig ein bunke med nynorskstilar. Fin måte å feire Halloween på!

arieldog sa...

Takk for oss! Amanda la seg med det same vi kom heim, og blir nok heime i morgon.

Besta sa...

Ja, det er best ho får sove seg godt ut, det er god medisin.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...