søndag, oktober 30, 2011

Vermelding 30.oktober - 2011

 
Klokka er no snart halv ni. Temperaturen ute er ca +9 grader og det har regna det meste av dagen.Vi tok 11.45 -ferja frå Volda og var innom Hildegard før vi møtte resten av familien på hotellet til lunsjbuffet klokka 13.
Der var mykje god mat. Fordelen med slike oppdekkingar er at alle finn noko dei likar- ikkje alltid enkelt å finne noko som fell i smak hos alle frå 9-90 (rundt rekna). Ingrid var den einaste som heldt tale-og det med humor og stil. Ho framheva fordelen med å ha ein morfar som stilte opp-til dømes som hestetransportør. "Har du problem med hesten, ring til besten!"
Etter lunsjen køyrde Nils og eg ein liten tur bort på eksersisplassen-Norges eldste.
På Hildegard vart det kaker og kaffi, og mykje god prat. Sidan det berre var nærmaste familie som var samla, kjenner vi kvarandre godt og var ikkje i beit om samtaleemne.
Vi heldt nesten på å gløyme å takke skikkelig for oss, då vi endelig hadde vit å ta på heimvegen. Så no takkar eg på vegner av Nils og meg for ein særdeles kjekk og trivelig dag!

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Kjekt å samle nær familie, koseleg når fleire generasjonar er i lag. Etter kvart trekte dei yngre opp til 2. etg, noko som har vore tradisjon når vi har vore mange. Ingrid var nok oppfordra av dei andre barnebarna å seie nokre ord, morsomt og kjekt. Du hadde vel di tale på bloggen din på sjølve dagen, den 25. Det var kjekt å lese. Ha ei fin veke!
Eidabesta

Besta sa...

Eg var inne på tanken om å halde ein tale, men følte at det blei litt kunstig.Dersom eg hadde begynt å fortelje om korleis det var då vi vaks opp, hadde eg aldri blitt ferdig. Mimre får vi gjere ein annan gong-ikkje sikkert dei unge synest det er så interessant.Signe og eg hadde forresten ei lita mimrestund om felles kjende.Viss du ser inni kortet som eg skreiv til Svein, så er der nokre ord også, eit dikt av Olav H. Hauge, som heiter Kvardag. Eg kallar det "pensjonistdiktet".
Laertes som det står om der, var far til kong Ødipus i gresk mytologi.Det er ei tid for alt!

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...