Klokka er snart 13.00. Temperaturen er+ 10 grader C og det har regna berre litt i dag. Himmelen er nokså overskya, så det er typisk "novembermørkt" både ute og inne. Eg klagar ikkje så lenge vi slepp snø og kulde.
I dag har eg tenkt meg i Åsentunet klokka 16.00, elles styrer eg med ymse husarbeid her heime. Det beste for meg er å vere litt i bevegelse; det er når eg sit mykje i ro at eg blir plaga med verk. Så langt i dag er eg bra.
I dag lagar vi lapskaus av diverse kjøtrestar, tek det litt lett denne helga. Passar bra sidan eg skal på lansering av "Smalhans".
2 kommentarer:
Det skal bli artig å få referat!
Ja, eg håper eg får høve til å møte Gunda og snakke med henne. Vi er jo FB-venner.
Legg inn en kommentar