torsdag, oktober 27, 2011

Vermelding 27.oktober - 2011

Klokka er 13.00. Temperaturen er +10 grader C og det regnar. Ja,ja, alt har ein ende-og særlig fineveret. No får vi vere glade så lenge snøen held seg på avstand.
Vi var relativt tidlig på farten i dag, hadde time hos tannlegen 9.45-10.15. Vi blir alltid kalla inn i lag, etter eige ønske.I dag var det "null hull" for oss begge. Etterpå var vi ein liten tur på Amfi og handla mat etc.
Då vi kom heim sette eg i gang å vaske golv, mens det enno var opplett. Hadde ikkje fått ut alle teppa før regnet kom. Men fekk no vaska i alle fall. No ventar eg på at kjøkengolvet skal bli tørt, så skal eg steike fisk til middag.Lenge sidan vi har hatt steikt sei, faktisk. Nils driv og fileterer ute i garasjen.
Det vart så forunderlig mørkt i dag når ikkje sola er her. Eg merkar så tydelig at energinivået stig når sola skin.
I dag gratulerer vi Bjørnar på Eid med dagen!
Klokka 20.00:
Dette har vore ei særs kulturell veke. No kom vi nettopp heim etter å ha vore på Kulturskule-konsert i Volda kyrkje, i lag med Margrete og fam. Både Amanda og Eirik spela på konserten. Amanda spela kornett-solo; "Cheerio" av Fossheim/Rølles, ikkje akkurat det enklaste stykket å spele, men ho greidde det med glans! Eirik spela "Eg veit i himmerik ei borg" på gitar i lag med ein annan gut.Dei var flinke. Ingeborg kunne ikkje vere til stades, sidan ho var på jobb, men Erlend med foreldre og besteforeldre fylte nesten ein heil kyrkjebenk.Veldig kjekt å sjå og høyre så mange flinke born og unge. ( Sjølv om Erlend tykte det vart vel mykje fele.)

3 kommentarer:

arieldog sa...

Han var kanskje muligens ikkje den einaste...

Hildegard sa...

Flinke born, har vel litt frå begge foreldra? Hugsar at Ariel likte å øve på kyrkjeorgelet då ho var ungdom.

Besta sa...

Det VAR mykje feler, men stort sett var dei flinke. Eg var mindre begeistra for koret. Smaken er ulik.
Ja, Margrete var faktisk flink å spele på kyrkjeorgelet, men det er eit "ensomt" instrument.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...