mandag, oktober 10, 2011

Vermelding 10.oktober - 2011

Klokka er 12.40. Ute er det overskya, men opplett akkurat no; regnet kjem i byger i dag.Temperaturen er + 8 grader C. Ikkje mykje å skryte av altså. Bilda mine blir veldig einsidige når eg ikkje kjem meg lenger enn ut på trappa eller altanen.
Men i dag tenkjer eg meir på at eg må avstå frå Opera-turen i morgon.Hadde gledd meg til at Margrete og eg skulle vere med pensjonistlaget på ein heildagstur til Eid, men middag på Kyrkjetun og diverse omvisningar etc. før sjølve operaframsyninga.
Og så sit eg altså her, ikkje berre forkjøla og elendig, men med ein kropp som er heilt ute av funksjon på grunn av slappheit. Armar og bein er som bly, og hovudet enda tyngre. Sist eg var like elendig var for ti år sidan då vi skulle til Kypros, då fekk eg penicillinkur såpass eg kom meg av garde.
Alle som kjenner meg godt, veit at eg har aversjon mot å planlegge fram i tid. Det har sine grunnar. Denne turen begynte vi å planlegge i vår.
Å vere forkjøla er ikkje nokon tragedie når ein stort sett har berre seg sjølv å ta omsyn til, og som regel går det over utan store problem. Likevel er det sjeldan det høver. Forresten er Nils like elendig, så då er vi to.

4 kommentarer:

Hildegard sa...

Det var kjedeleg, men vi får ta det igjen den 30., det blir her på hotellet. Viss de ikkje får bytta bill., har Elin ei venninne som gjerne vil i operaen.

Besta sa...

Problemet er at eg har betalt for to billettar til Pensjonistlaget her. No har dei fått selt den eine billetten, og dei har ei til på vent. Henne har eg ikkje snakka med enno.(Ho var ikkje heime). Den som kjøper billetten som er til overs, må stille opp i lag med Ørsta pensjonistlag.......

solveig sa...

Håper du får selt dei, og så får de ha god betring begge to! Ei operaforestilling er ikkje noko særleg å vere forkjøla på, og endå verre slapp ...

Besta sa...

For ikkje snakke om hovudverk og auka tinnitus. Eine billetten er alt seld og eg har kjøpar til den andre.EG trudde pensjonistlaget hadde ei avtale med operaen o ev. "svinn".

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...