tirsdag, oktober 11, 2011

Vermelding 11.oktober - 2011

Klokka er snart halv to, og middagen er nesten klar. I dag har vi laga ei kjøtt+grønnsak-suppe, det einaste vi hadde lyst på. Ute styrtregnar det akkurat no, men innimellom bygene kjem sola fram, så vidt det er. Temperaturen er + 6 grader C.
I dag er det den store operadagen for pensjonistgruppa frå Ørsta. Eg hadde gledd meg til å vise dei heimbygda mi, men her sit eg altså, forkjøla og redusert.Glad for at eg slo ifrå meg turen i tide. Håper berre at turen blir vellykka for dei som er med.
I dag har vi fått også straumrekninga på efaktura, noko som fungerte heilt fint. Vi prøver å få mest mulig over på data, slik at vi slepp "misbruk" av papir og porto. Pensjonane frå NAV har vi også ordna slik at vi får dei på data. Det blir vel mindre inntekt for posten, men her har vi berre post i butikk kor som er.
I kveld skal Nils manne seg opp og møte opp på Vikemarka skule og få orientering om fiberkabel. Dei skal visst til å grave no-synest dei er litt seint ute. Då får vi både telefon, data og TV -signala frå den lokale leverandøren Tussa.
Eg føler meg litt betre i dag enn i går, fekk vaska håret, og berre det gjer at ein føler seg LITT betre.

1 kommentar:

Bjørg sa...

Leit at du blei sjuk og miste operaturen. Vi har heldigvis vore friske så langt. Her hadde vi regn og rusk på sundag, men i går og i dag har det vore fint, men kaldt, 5 - 6 grader, varmare i sola.
God betring!

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...