onsdag, august 03, 2011

Vermelding 3.august - 2011

Klokka er snart halv tre. Temperaturen er knappe +25 grader C og det har nettopp vore ei lita regnbyge. Før den kom, var det lettskya, litt sol og behagelig temperatur.
No er Nils ute og hentar båten på land, vi skal reise til Kongsberg imorgon, nemlig. Rasmus og fam. kom att frå campingtur i går, så eg ringde ned og spurde kva tid det passa at vi kom, og då fekk vi klarsignal med ein gong.
Før middag støvsuga og vaska eg det meste av leilegheita og så var vi ein liten tur nedover -  på biblioteket mellom anna.
Har vore utan internett i heile dag, og det er krise for meg. Då føler eg meg heilt fråkopla verda.
Elles er eg på FB og sjekkar at Lars og ungane har det bra, at Einar held greie på det som går føre seg på Ekebergsletta osb.Men eg tvilar på at vi tek laptoppen med på tur. På Kongsberg er der maskiner nok, og elles finst det maskiner på hotell etc.
I dag kan vi gratulere Solveig og Øystein med bryllaupsdagen ! Kvar og korleis dei feirer den, veit eg ingen ting om.
Vi kjem til å reise over Hemsedal i morgon, der er det stort sett fin veg no, og heilt klart kortaste vegen til målet.Vi gler oss til å sjå att alle saman , ikkje minst Ingar som har lært seg å gå sidan sist vi såg han. Men det er langt åkøyre -

5 kommentarer:

solveig sa...

Veldig greit å ha med seg laptop. Då kan ein bestille neste hotell viss ein veit kvar ein vil neste dag.

Hildegard sa...

God tur og hels til Kongsberg!

Elin sa...

Spørs om vi skal ha oss eit treff på Gol, då! Vi og reiser om Hemsedal i morgon, skal køyre i 10 - 11 timar retning Gøteborg, der skal vi besøke nokon vi kjenner, så dreg vi vidare til destinasjon Lund og Dalby på fredag. Reine transportetappar, Jostein på jobb igjen måndag.
God tur til oss alle!

Elin sa...

Solveig: Då må ein vel ha mobilt breiband?

Besta sa...

Vi har ikkje mobilt breiband. Får når vi legg innfiber i løpet av hausten. Kjem truleg ikkje til å ha med oss datamaskin. Nok av den sorten på Kongsberg.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...