I går kveld fikk eg endelig lese ut denne boka, har hatt mykje anna å styre med siste tida, så det har ikkje blitt så mykje tid til lesing. Boka er på 11 CD-plater.
Synest det passar å skrive om boka i dag, for det var 6.august 1945 at amerikanarane sprengde den første atombomba over Hiroshima i Japan.Den verste terrorhandlinga som nokon gong er utført. Denne forteljinga starta tre dagar seinare i den då multikulturelle byen Nagasaki. Hovudopersonen er ei ung japansk lærar som akkurat denne dagen forlovar seg med ein tyskar.Ho bur litt utanfor byen, men han går tilbake til huset sitt som ligg nærare byen. Så kjem bomba ! Og han misser livet mens ho blir relativt lett skada. Seinare finn ho ut at ho vil besøke systra til den tyske kjærasten sin. Ho bur i India og er gift med ein engelskmann. I India held britane på å trekke seg ut, og dei indiske muslimane er i ferd med å opprette sin eigen stat, Pakistan.
Meir skal eg ikkje fortelje om hendingane, men berre peike på nokre av tema i boka som er etnisitet, nasjonalitet, språk, tilhørigheit osb.Bakgrunnen er først og fremst konfliktane i India, Pakistan og Afganistan.
Boka er lettlesen og pløyer ikkje så veldig djupt i problema, men eg synest den var vel verd å lese.Opplesaren er ei av favorittane mine.
Eg vil gjere merksam på at eg hadde lånt boka FØR terrorhandlingane i Oslo og på Utøya, så det var nesten som eg fikk bakoversveis då eg begynte å lese den.Eg har levert boka tilbake på biblio, men har lagt den inn på maskina.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar