tirsdag, august 02, 2011

Vermelding 2.august - 2011



Klokka er no 16.00.Temperaturen er + 23 grader C, det er SOL og litt vind. I dag måtte eg berre ta bilde av fjelltoppane, lenge sidan vi har sett dei. De kan sjå at der er meir skyer over Melshornet i sør, enn over Vallahornet i nord. Det kan tyde på at det kanskje kjem regn. Uansett er vi glade for denne sommardagen. 
Og kva har vi brukt dagen til? Vi diskuterte litt i dag morgon om vi skulle finne på noko-ein tur for eksempel, men det vart til at vi berre vart heime og sløva. Eg var ute i hagen og åt litt bær, klipte litt gras etc. og Nils har hatt not både på våre ripsbusker og på naboen sine. Mest av alt har eg lagt rett ut på solsenga og høyrt lydbok, det vil i praksis seie at eg har sove ein god del. Eg toler veldig godt å ligge i sola og sove når det ikkje er for varmt.Vi har ikkje laga middag enno, men skal ha salta lange når det lid mot kveld.
Har ikkje høyrt noko frå dei som reiste på ferie i går, men det er vel teikn på at det går bra. Eg velsignar data og FB som gjer at eg føler vi har kontakt uansett. Hugsar den tid vi reiste land og strand på camping med ungane, og det kunne vere vanskelig å finne ein telefonkiosk så ein fekk ringt heim. No har alle mobilar, så dersom ein vil ha tak i nokon, er ikkje det noko problem. Må visst lyse ei velsigning over mobiltelefonen også.
Den stasjonære datamaskina er eg ikkje sikker på kvar eg har.Ho er noko ustadig av seg.Somme tider virkar ho, andre gonger ikkje. I dag var det svart skjerm igjen, men etter at vi hadde tatt ut straumkabelen og sett den inn at eit par gonger, virka ho igjen. Så lenge det varer.
Mens eg har skrive har det kome mange nye skyer på himmelen, det er slikt som ofte skjer på ettermiddagen her, og så blir det finare igjen mot kvelden. Vi kan alltids håpe.
Men det er meldt regn!

1 kommentar:

Hildegard sa...

Kjekt å sjå blå himmel på bilda dine, kjekt å kose seg heime slike dagar. Fint her også i dag, men no kom regnet.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...