mandag, august 01, 2011

Vermelding 1.august - 2011

Klokka er snart 17.30. temperaturen er + 19 grader C, og veret er akkurat som i går, så eg treng ikkje nytt bilde.Hadde trudd at vi kanskje fekk sjå sola i dag, men håpet er snart ute.
Nils var tidlig oppe i dag og for på sjøen i lag med ein mann frå Kongsberg, som vi kom i prat med på Rjåneset ein gong. Han er svigerfar til ei av nabojentene.Dessverre fekk dei ikkje så mykje fisk, men Kongsberg-mannen tykte det var kjekt likevel.
Margrete hadde tannlege- time tidlig på dag, så ho kom oppom her etterpå. Vi vart samde om at ho skulle hente Ingeborg, så skulle dei ete middag her før dei reiste vidare til Tyrkia frå Vigra. For at dei skulle få seg litt norsk mat før dei skal nedover og nyte dei tyrkiske delikatessane, satsa vi i dag på blomkålsuppe + pannekaker med bacon og blåbærsylte. Til vanlig brukar vi å ha ertersuppe før pannekakene, men måtte tilpasse retten etter årstida. No er dei reiste herifrå, skulle bortom El-kjøp for å sikre seg ei ekstra minnebrikke til fotoapparatet. Lars har tatt med seg dei to minste på tur, mens Ruth og Harald sit att med to hundar, ein katt og ei kanin.Dei kjem til å få mykje mosjon nokre dagar.
Elles har det ikkje skjedd mykje i dag, og det er greitt. Når vi har besøk greier eg å la vere å sjå på skodda, og så er eg glad for at dei unge i  familien får litt sol og sommar før dei igjen skal ta til på skule og jobb.Vi kan jo nyte sola når ho ein gong kjem.
Elles kan eg glede meg over at den stasjonære datamaskina begynte å fungere igjen i går kveld. Det var bra,for printeren/scanneren er kopla til den, og det er der eg legg inn lydbøkene. Blant anna.

3 kommentarer:

solveig sa...

Det siste fjellet vi ikkje såg i dag, var Trollveggen. Den har vi sett før. Etter det letta skodda, og temperaturen steig med 10 grader.

Bjørg sa...

De er velkomne til å besøkje oss når de er på Austlandet. Men ring først. Vi reiser til Larvik komande fredag. Og vi skal i 70-årsdag på Rovde i slutten av august, så då er det tilbake att.

Besta sa...

Seier takk for det, Bjørg. De skal ikkje sjå bort frå at vi ser innom ein gong. Det er ikkje langt frå Kongsberg til Larvik, veit du. Og viss ein skal over til Danmark, ligg det lagelig til for besøk.

Dagbok 2024: 2.mai

Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...