mandag, august 22, 2011

Vermelding 22.august - 2011

 
Endelig blomstrar rosene.
Klokka er no19.15, ute er det overskya, men opplett, og temperaturen er +16 grader C. Sommar har vi enno ikkje hatt, og no er det vel tid for å gi opp håpet.
Hadde litt dramatikk på føremiddagen. Nils var ute på altanen ein tur og der fekk han ei kvepsestikk. Så gale har hendt før, men denne gongen fekk han ein heilt unormalt sterk reaksjon. Fingeren vart stiv og heile handa hovna opp. Sidan han ikkje har hatt slike reaksjonar før, var min første tanke at det kunne komme av tablettar som han tek. Han tok seg ein tur på legesenteret, og der fikk han vite at det var ein livsfarlig allergisk reaksjon, som rett nok kunne komme av medisinen . Han fikk allergitablettar, og viss dei ikkje hjelper, må han få antibiotika. Heldigvis ser handa allereide no, etter at han har tatt tablett nummer to, meir normal ut. Så vi får håpe det ordnar seg utan noko meir styr.Når eg skriv om dette, er det fordi andre kan bli ute for noko liknande, og at dei då må vere på vakt.
Elles har vi hatt ein kjekk dag med besøk av Margrete og tre av ungane. Hadde laga gammaldags mat: Svinesteik og heimelaga kjøttkaker+ mykje brun saus.Og dessert. Og kaffi.Amanda skal på ballettøving i Ørsta om mandagane dette skuleåret også, så eg reknar med å få besøk annakvar veke i alle fall.Vi synest det er kjekt.

7 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Bra de kom dykk fort til legen! Har berre sett ein kveps i heile sommar, og det var på Grov hos Elin....

Besta sa...

Eg bryr meg ikkje om heile kvepsane.Får eg eit stikk, tek eg eddik på-og så er det bra igjen.Har ikkje sett mange kvepsar i år, men har funne nokre døde i vinduskarmen. Forstår at folk som er allergiske kan bli redde for stikk, og slik allergi kan ein altså få av t.d. medisin. Greitt å vere klar over det.

Besta sa...

Har nokon sett marihøner i år forresten? Vi brukte å kalle dei "gullsmed".Hugsar ikkje sist eg såg ei. Og det er veldig lite insekt i år. Ein av naboane var nordover til Troms og han hadde knapt sett ein mygg.

solveig sa...

Vi har mange kvepsebol i hagen i år. Dei har rigga seg til i komposthauge, under ei bøtte og i ei fuglekasse. Det summar overalt, men ingen har stukke oss. Agurkurt og honningknoppurt er yndlingsplantar. Marihøner har eg ikkje sett ...

Bjørg sa...

Marihøner har eg ikkje sett i år. Det har også vore lite mygg her på hytta. Og i Larvik har vi heller ikkje sett mygg.
Det var nifst det med Nils og kvefsestikket!

Besta sa...

Trur det har vore jamt over lite av alle slags insekt i år. Vi plar ha mange kålsommarfuglar på blomkarsen, og tilsvarande mange åmer. Men ikkje i år. Det er ikkje det at eg saknar dei, men eg registrerer det som er unormalt. Ser ut til at det går bra med kvepsestikket til Nils.

solveig sa...

Ingen larver på mine heller, men no kjem eg på kvifor eg slutta med det nokre år. Men skogskjeggen min vart oppeten av små grøne larvar.
Knott har her vore rikeleg av.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...