tirsdag, august 23, 2011

Vermelding 23.august - 2011

Klokka er snart 14.00, og eg sit og ventar på at rundstykka skal bli ferdigsteikte, så eg kan sette på potetene. Middagen i dag er lettvint,restar frå sundag og måndag! Ute er det overskya og opplett, temperaturen er +18 grader C, så det er ikkje så gale. 
Nils styrer med eit kvart ute i garasjen, det gjer han nesten støtt, mens eg har hatt bakedag i dag. Det er ikkje så ofte eg bakar brød, men brukar å lage Ingers til meg sjølv, for skikkelig grove brød er ikkje å få kjøpt her. 50% grovt er ikkje GROVT. Ingers brød er laga av100% grovt mjøl. Nils skal få grove rundstykke, han kan ikkje ete det brødet som eg et. Det kan no hende eg lurer meg til å smake på rundstykka, eg også, det er no grense for kor standhaftig ein kan vere.
Det går bra med handa til NIls , ho er ikkje hoven lenger, men han må no ta dei allergitablettane litt til.Handa er litt raud og varm.
I går kveld skulle eg hjelpe han å gjere klart SV-valbrosjyrar til utsending. Då oppdaga eg at namnet mitt stod på lista. Eg vart litt sjokka, for eg hadde heilt gløymt at eg hadde sagt JA då Nils spurde. Hugsar ikkje nummeret, men det var så langt nede på lista at eg kjenner meg relativt trygg. Kan liksom ikkje tenke meg ei politisk karriere i min alder.
Det vart veldig fint utover ettermiddagen, og no skin sola frå nesten skyfri himmel.
Marit og eg har gått tur med veslejenta rundt Storebakken; Marit meinte at sist vi gjekk der, hadde eg sparken med meg.I dag heldt vi oss fast i barnevogna.
Nils saknar Advokatten, men vi får rett som det er besøk av nabokatten, Nusse, som er 14 år gammal.Ho er glad i fisk, så ho er gode venner med Nils.Ho også.

2 kommentarer:

solveig sa...

Katten ser fin ut til å vere 13 år. Godt at kvepsestikket kjem seg!

Besta sa...

Katten er veldig fin, men så har ho aldri hatt ungar, eg trur det har litt å seie.Ho har so fin pels og så er ho snill og saktmodig av natur.Ho er veldig gode venner med Torbjørn også, for han gir henne tørrfisk.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...