onsdag, august 24, 2011

Vermelding 24.august - 2011

Klokka er snart halv to. Det er fint, lettskya ver og litt sol av og til. Temperaturen er +23 grader, det er vel det nærmaste sommartemperatur vi har hatt i år. I dag vaska eg golv etc. før vi var ein tur nedover og handla. Hadde ærend på apoteket, blant anna. Vi treffer alltid mange vi kjenner på Amfi, mest pensjonistar. I dag trefte vi m.a. Bjørg og Hans, som eigentlig har flytta til Larvik, men som er "heime" på hytta i Leikong.
No kokar Nils lange til middag, og kva det blir til e.m. veit eg enno ikkje. Trudde vi skulle få sole oss, men SÅ fint blir det visst ikkje. Forrige skuleår var det ofte fint ver om onsdagane, då Margrete hadde fri, og kanskje skal det vere slik i år også? Ho har framleis fridag på onsdag.

4 kommentarer:

solveig sa...

Eg synest det alltid er fint tysdag kveld når vi går tur! Eg rakk akkurat å ta inn kle før regnet kom ...

arieldog sa...

Sola snudde for over to månader sidan, og den varmar meir enn den brunar. Eg irriterer meg når "sommaren" kjem til feil tid, men det er ikkje noko å gjere med, anna enn å nyte dei stundene ein får.

Bjørg sa...

Ja, det var kjekt å treffast på Amfi.
Og ekstra kjekt blir det å kunne lese på bloggen din når vi er i Larvik, om kva som skjer i Ørsta.

Besta sa...

Ja, då lyt eg kanskje skjerpe meg litt og ikkje berre fortelje om meg og mitt. Greitt det. Kva tid reiser de nedover att?

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...