mandag, august 15, 2011

Vermelding 15.august - 2011

Klokka er 12.10. temperaturen er + 20 grader, men skodda ligg sid.  Det ser ut til at den kan lette i løpet av dagen. Det har regna i natt, og det er heilt greitt.
Eg låg lenge frampå i dag, sov dårlig sist natt, verkte over alt, nesten, men når eg kjem opp og i sving kjem det seg. Eg hadde så vidt fått på meg kleda og sett på kaffien, då rørleggaren kom. Han skulle reparere ein krane på kjøkkenet, som takk for noko fisk han hadde fått. Så no er den i orden-kranen altså, den stod berre og draup.
Etter frokost sette eg i gang å lage fiskekaker. Nils hadde male fisken på kvern, og då er det ikkje all verdens arbeid å lage 60-70 store fiskekaker. Når det er berre til oss sjølve, bryr eg meg ikkje om å lage meir om gongen, dei taper seg i frysaren. I dag følgde eg Wenche i Frokost-TV si opskrift slavisk. Den ligg på nettet, men eg har kjøpt ei kokebok. Likar å blade i slike.
Så har eg tatt opp plommer frå frysaren og skal koke syltetøy. Kjøpte to korger med nektarinar e.l. til 10 kr.korga før helga. Dei var rett og slett ikkje gode, så dei kokar eg i lag med plommene.
Nils for nedover for å klippe seg, men kom heim att like loden, der var feriestengt hos "dama hans".
Eg har gått med altfor langt hår heile sommaren, så i morgon må eg ta ein telefon til MI dame, ho er ferdig med ferien no.
Elles startar alle lærarforeldra i familien på skule i dag. Ungane til Margrete skal begynne torsdag. På Kongsberg skal vesle Ingar begynne i barnehagen. Det trur eg skal gå bra. Han er no 1 1/2 år og dermed blir han ikkje den minste.Dessutan er han vant med storebrørne og kameratane deira, så overgangen blir ikkje så stor som for den eldste då han starta. Vebjørn begynner på siste barnehageåret sitt, så han kjem vel ikkje til å sjå så mykje til lillebroren.Dei har eigne opplegg for dei som skal begynne på skulen neste år. Akkurat som dei hadde  før, berre at då var dei eitt år eldre.
Skulle vore ute og plukka rips og stikkelsbær. Vi har ikkje så mange bærtre lenger, men litt må vi ha.
Elles så synest eg vi er for trege til å komme oss på turar, men det er noko med det at når veret er fint, har vi det best heime.Men blir det bra ver framover, er det fint å reise no når fellesferien er over.
Så vil eg oppmode alle om å høyre "talen" Karl Ove Knausgård heldt på svensk TV etter 22.juli.Den ligg på FB: Eg hørte den i dag tidlig, men fekk ikkje med alt, så eg får prøve igjen. Siste boka i serien"Min kamp" er komen ut i Sverige, så eg må sende ein mail til biblio at dei set meg på liste, så eg får den FØRST når den kjem her.

3 kommentarer:

arieldog sa...

Når du får tak i boka, kan vi hine få låne Ipoden din etter du er ferdig? Eventuelt kan eg kjøpe min eigen Ipod...

Besta sa...

Eller---eg lastar boka inn på data og de tappar med ipod(Apple)-(elles heiter det t.d.MP3.) Synest du skal kjøpe deg ein, dei er så greie å bere med seg. Eg var litt treig, ville helst ha ha Walkman/discman, men no er eg omsnudd. Når eg lastar ned er det fort gjort å rippe over.Har sendt melding til biblio i dag.Då får eg melding på mobilen når eg får boka.

solveig sa...

Legg ho på datamaskina du!