søndag, august 14, 2011

Vermelding 14.august - 2011

Klokka er snart 18.00, temperaturen er deilige +23 grader, og det er lettskya og fint ute.Denne dagen skulle sjølvsagt ha vore brukt til ein eller annan tur i det fri. men Nils vart ståande i garasjen og filetere fisk heile føremiddagen, mens eg berre gikk og surra. Plukka nokre sukkererter som eg rensa og fraus, prata med naboen etc. Til middag laga eg "søndagssei"-noko som betyr full utflating i timesvis, men så fekk eg også lese ut boka mi.
Tok ein tur i hagenfor å sjå etter noko fint, men det er smått stell no før rosene sprett ut skikkelig. Dei er uvanlig seint ute i år, men så vart dei også flytta sist vår. Det viktigaste er at dei er i live.Ingen ting er som det skal vere denne sommaren, ikkje ein gong garasjeveggen, som plar vere dekt med blomkarse-men det kjem seg.
Tidlegare i sommar kjøpte vi ein ny clematis, og den er no avblomstra. Men den har nokre heilt spesielle frøhus som ser ut som om dei er fletta av gulltråd. Det kjem ikkje så godt fram på bildet.
Nattlys er ein nydelig plante ,særlig når kveldane blir mørke. Då plar "lysa" stå høge og flotte. I år er planten blitt ein markkrypar sidan Nils køyrde over den med plenklipparen tidlig i sommar. Men fin likevel?
No trur eg at eg går ein tur. Nils sit framfor TV og ser fotball det meste av ettermiddagane og kveldane har eg inntrykk av.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Ja, det har vore nokre fine dagar no, varmt og fint i kveld også. God veke!

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...