søndag, august 14, 2011

Bok nr.46 - 2011: Flimmer

No fekk eg endelig lese ut denne boka, etter mange avbrot og tilbakespolingar. Kan ikkje få sagt det ofte nok: Ein bør ikkje bruke for lang tid på ei bok, det gjer at den virkar langdryg uansett.
Anne Holt er ikkje førstevalet mitt når eg eg på biblio, men denne boka såg litt interessant ut. Ho har skrive boka i lag med bror sin som er lege.
Historia startar på eit sjukehus i Bærum der to personar dør etter å ha fått operert inn ein hjertestartar. Det viser seg at det er ein feil på nokre av starterane og to legar finn ut av dette. Denne første delen av historia synest eg var ganske interessant, verre blir det då vi etter kvart blir kasta ut i finans-og børsverda. Eg vil likevel rose forfatterane for at dei klarer å få såpass ukjent og vanskelig stoff nokonlunde begripelig sjølv for meg. Dette var det positive, så kjem det eg ikkje likte.
Den eksterne forteljaren tek oss med over heile verda, der vi blir kjende med X antall personar og familiar. Eg er så lei av slike bøker som heile tida skal "hoppe" i tid og rom, og der kvart nytt kapittel har overskrifter som ikkje berre fortel om dato og stad, men inntil klokkeslett. Dei som har lese mange "nye" bøker veit sikkert kva eg meiner.
Og så kjem eg med det vanlige: Boka er for lang! 13 CD-plater er for mykje. Eg ville sett pris på om uvesenlige ting vart strokne, og at dei heldt seg strengt til saka. 
Dette er ikkje ei vanlig krim-bok i og med at vi heile tida er meir og mindre oppdaterte på det som skjer.Overraskinga ligg i kven som er "primus motor" i det heile, men då var eg ikkje så interessert lenger. De må gjerne lese boka, eg vil berre presisere at dette er mi meining og at eg skriv om LYD-boka.

1 kommentar:

solveig sa...

Eg har no likevel lyst å lese boka - etter ei krimpause.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...