lørdag, august 13, 2011

Vermelding 13.august - 2011

Klokka er 17.00, temperaturen +25 grader C, og sola skin. Må innrømme at det vart i varmaste laget å ligge på altanen å lese/ sove. Blei litt groggy etter eit par timar liksom.
Då eg vakna i halv åtte tida i dag tidlig, var Nils vekk, og eg fann ein lapp om at han var reist ut for å fiske. Eg shina opp i huset, og så var han plutselig tilbake med ein heil balje med sei i ymse storleikar. Varmen var ikkje påtrengande, så eg strauk ein haug med klede før vi for nedover for å handle. På Coop fekk eg frosten i meg, der er så mange kjøle-og frysediskar, så eg kledde godt på meg før eg sette i gang med litt hagearbeid då eg var heime att. Eg merka etter kvart at det ikkje var så VELDIG kaldt.
Det vart kokt småsei til middag, og så la vi oss ut på altanen for å kvile middag, og no kjenner eg meg både kokt og steikt. Det er herlig å kunne beklage seg litt over varmen, den er ganske sikkert ein overgang. Kanskje denne dagen er sommaren i år?
Tankane går tilbake til lærartida mi, då eg ivra sterkt for å halde på litt lenger ut  i juni, og begynne på skulen 1.september slik vi gjorde i min barndom.
No er det ein litt perifer nabo som har sett i gang ein særdeles støyande kantklippar, det skulle ikkje ha vore lov!
Hadde fotoapparatet i veska då vi var og handla, så eg fekk tatt bilde av alle seglbåtane på fjorden i dag.

4 kommentarer:

solveig sa...

Er det sommarens varmaste dag?

arieldog sa...

Det var ein deilig dag, og vi kan godt få fleire slike framover. Fint bilete av seglbåtane!

Besta sa...

Eg har tre digitale kamera og plutselig virkar alle tre! Dette bildet er tatt med det mellomste, som har fast plass i veska, fordi det er minst.

solveig sa...

Lurt å ha eit lite fast med seg.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...