fredag, august 12, 2011

Vermelding 12.august - 2011

Klokka er snart 20.30. Veret har vore nydelig i heile dag, så snart morgonskodda letta. No er temperaturen +15 grader C -og sola skin enno.
Margrete hadde seg ein handledag på Moa i dag, og dei tre yngste ungane var her hos oss i mellomtida. Eg hadde lova dei ein tur på bokhandel før skulestart, så det passa fint. Dei fekk velje seg ut bokbrede, viskeler etc. Etterpå var vi på Amfi og handla inn til middag. Menyen vart bestemt (ved hjelp av morfaren?) til blomkålsuppe og pannekaker. Etter at vi hadde ete, tok Nils ungane med seg på fisketur. Det var godt å ha Eirik til hjelp med å ha ut att båten.Fisk blei det lite av, men dei hadde no "råna" litt med båten og hatt det kjekt.
Eg la meg ut på altanen med lydbok etter at eg hadde rydda opp, men så kom leigebuaren utan nøkkel, så eg fekk meg litt av ein jobb før eg fann reservenøkkelen. Det hjelper ikkje mykje å ha mobilen liggande i bilen når ein er på fisketur.
Margrete stoppa ei lita stund etter shoppingrunden, så Nils og Eirik fekk fare ned og sjå 2.omgang Hareid-Ørsta. Håkon var med, men vart sittande på reservebenken. Einar var der som journalist.Kampen enda 2-0 i Hareids favør.
No håper eg fineveret kan halde til over helga når skulane startar opp. Det er ikkje så farlig om vi ikkje får tropevarme, når sola er framme frys vi ikkje. Ønsker alle ei fin og trivelig helg.

4 kommentarer:

arieldog sa...

Takk for pass! Ungane hadde ein kjekk dag, seier dei. Dei to små og eg var bortom bana som snarast, og eg meiner vi såg Håkon spele dei siste minutta?

solveig sa...

Det stemmer!

Besta sa...

Då har pappa og Eirik forlate kampen litt før den var slutt.....

arieldog sa...

Vi, derimot, fekk med oss det mest interessante :)

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...