torsdag, august 11, 2011

Vermelding 11..august - 2011

Klokka er 19.00, temperaturen er +16 grader i skuggen på baksida av huset, og det er framleis nydelig sol, slik det har vore i heile dag. Sjølv om det godt kunne ha vore varmare, har det vore fint å ligge å sole seg på altanen etter middag. Dvs. Nils hadde ikkje tid å slappe av så lenge, han måtte slå plenane! Eg er ikkje i heilt i arbeidsform etter at eg sat i bilen i heile går, men det kjem seg. 
Føremiddagen gikk med til diverse oppakking,rydding, klesvask etc.Og så vart det kokt lange til middag igjen!
I morgon ventar vi ungane til Margrete på besøk, ho skal på shopping før skulestart. Ja, det har ikkje vore mykje til sommar på våre kantar, og ikkje så mykje betre på Austlandet heller? Eg er overtydd at det skuldast den globale oppvarminga! No får vi kanskje ein fin haust, og det passar fint for pensjonistar, vi tek fineveret når det kjem.Men eg hugsar korleis det var å begynne på jobb igjen etter ein dårlig sommar.
Fekk melding frå Rasmus, dei er på Hafjell, der dei skal vere i to netter, så får dei ein miniferie på tampen av sommaren. Det var ganske fint der nede i går i alle fall.
Har diverse småtteri som skulle vore ordna i hagen, men har heldigvis ein hage som ikkje krev for mykje.Mest arbeid er det med plenane-og dei er det Nils som tek seg av. Har få bærbuskar att-det blir ikkje sylta og safta så mykje lenger.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...