onsdag, august 10, 2011

Vermelding 10.august - 2011

                                          
Dønfoss i kveld.
Klokka er 22.30, temperaturen er + 9 grader C, det er lettskya og ganske fint ute.
Vi har hatt ein lang biltur i dag. Starta frå Kongsberg klokka 10.00 og var heime 12 timar seinare, etter diverse stopp. Det begynte å regne nesten med det same vi kom av garde og verre vart det etter kvar. Det pøsregna heilt til vi nærma oss Gjøvik, då letta det, og i Lillehammer såg vi glimt av sol. Varmt var der imidlertid ikkje. Vi tok oss ei runde i gågata for å strekke på beina. Hadde tenkt oss innom Peppe´s, men der var det fullt, så vi prøvde Toscana i staden. Pizzaen vi fekk der var heilt grei, men ikkje noko meir.
Kaffi drakk vi på ein kafé på Otta. 
Neste stopp var potetbonden ved Nordberg kirke, der vi fekk med oss ein liten sekk mandelpoteter.Dei skal vi kose oss med i morgon, attåt salta lange.
I dag var det forferdelig å køyre Strynefjells-tunnelane. Har køyrt der i all slags ver, til alle årstider, men i dag var der så vått og mørkt og fælt at eg tykte det var ekkelt-det regna frå taket, rett og slett.. Hugsar godt då dei først kom i bruk, kor stas det var, no er dei ute på dato !
Vi kom i god tid til ferja, så det vart ein pause på Folkestad også, og då vi kom til Volda fekk vi sjå ein vakker solnedgang.På Egset vart det stopp for ørtande gong i dag. Det blir bygt og reparert mykje vegar i Norge, og her var det asfaltlegging. Og aller siste stopp var ein handlerunde på Kiwi, så de forstår vel at det tek litt tid å kome seg heim, men vi stressar ikkje. Det viktigaste er å kome heile heim.
Eg hadde planar om å ta turen til Larvik og ev. Sverige mens vi likevel var så langt av garde. Men slo det nesten i frå meg i går då eg ikkje var heilt bra. I dag er eg frisk att, men veret var særs lite innbydane austafjells i dag, og då er det lite som fristar.
På denne turen dobbeltsafa eg når det galdt fotoapparat, eg tok med to stk. Så viste det seg at minnekortet til det eine stod att i laptopen, og det andre minnekortet var fullt. Fekk låne minnekort med Rasmus, men det vart ikkje teke så mykje bilde, og nokre av bilda ligg på Rasmus sin laptop. Får be han sende dei.
 Her er ein av dei eg saknar i kveld. Ikkje så rart det, vel?

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...