mandag, juni 27, 2011

Vermelding 27.juni - 2011

Klokka er 17.45. temperaturen er + 18 grader C, og det er overskya med ei og anna regnbyge. Vermeldingane framover byr ikkje på mykje sol, men det blir i alle fall nokonlunde mildt, og det er no noko!
Det har ikkje blitt gjort mykje husarbeid mens ungane har vore her, så i dag gikk eg laus med vasking, støvsuging, klesvask, skifting av sengetøy,vasking av kjøleskap etc. etc. Eg har i grunnen ikkje noko imot husarbeid, likar å ha ting nokonlunde på stell. Ulempa er at ryggen får for stor påkjenning, så eg måtte ha meg ei heil stund med lydbok på day-bed-en.
Nils var nedover og fekk klipt håret sitt, det var det også behov for. Elles har han drive og hakka opp tunet og fjerna gras som veks i singelen. Sjå berre på bildet kor fint det blei. Vi satsar ikkje på nokon spennande hage, men på å halde nokonlunde orden rundt dørene.
Det vart sjølvsagt tomt i huset då ungane for, men dei er i grunnen like fredelige dei som vi, så det store kvantespranget vart det ikkje.
Rasmus med fam. er i Danmark.I dag skulle dei til Ebeltoft.
I dag har både bror min og eine døtra bryllaupsdag, så vi gratulerer dei to para på Eid.Då bror min gifta seg, var eg gravid med nr. to, og då døtra hans stod brud, hadde eg nettopp blitt bestemor for første gong.
 Denne orkidéen fekk eg av Bodil og Svein på 70-årsdagen. Då såg den heilt vanlig ut på alle måtar, høg og rank. No kom den att med nye blomster og masse knoppar. Som de ser har den ein litt uvanlig fasong-men er minst like fin som før.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Vi var mykje ute i går og kosa oss i fineveret, må nyte dei få fine dagane vi har, ser det ut til. I dag er det regn og blåst, høveleg ver å få gjort noko innadørs. Eg er imponert på at du får orkideane i gang igjen, der har eg også noko å lære. Vi feira ein roleg bryllaupsdagen med steikt seibiff m/løk og is til dessert. Ha ei god veke!

Besta sa...

Ei av naboane mine har orkidear som blomstrar utan stopp i årevis. Eg har spurt henne ut om kva ho gjer, og det er fint lite.Litt vatn av og til......Vi hadde også steikt sei i dag.Men ikkje is. Det som er litt gale med besøk, at ein gjerne et for mykje "god" mat sjølve.Eg bør absolutt ta rev i segla.Hugsar godt bryllaupsdagen dykkar.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...