fredag, juni 24, 2011

Vermelding 24.juni - 2011

             Koreografen Andy med Ingeborg og ei anna av dansarane.

 Klokka går raskt mot 17.00. Då skal Amanda vere på plass på Kulturhuset igjen, etter 1 time pause. Ho stilte opp klokka 12.00 for å få sjå Ingeborg sitt program, før ho sjølv skulle øve.
Temperaturen ute er +12 grader, det er overskya, skodde og litt regn av og til, men lettare no enn tidlig på dag.
Det har vore litt sløvt her i dag, har ikkje hatt middag enno, for vi har ikkje vore samla, men dagen er ikkje over enno.Solveig, Øystein og Olaug var innom så vidt etter at Øystein hadde lese frå boka si på Mylna i Volda. I staden for å servere kaker, smurde eg i full fart nokre loffskiver, og Erlend fekk ein ny favoritt: smørbrød med egg og tomat! Det har vore Solveig sin favoritt også. Amanda fekk også loffskiver i pausen, kan ikkje vere altfor mett når ein skal danse.
Margrete og & Co er i Oslo, men dei er vel snart på veg til konserten på Telenor Arena, om dei ikkje alt har reist.
I dag er det 24 år sidan eg vart bestemor for første gong. Veit ikkje om Einar set så stor pris på at ein mimrer om barndommen hans kvart år, så det skal eg late vere, i alle fall nesten. Men eg hugsar godt dei åra han og brørne kom hit på "ferie". Ein gong plukka Einar og eg ei heil bøtte med blåbær, vi fekk ikkje mykje hjelp av Audun, for å seie det slik.Som Solveig skriv, så er han litt av ein arbeidsmaur.
Gratulerer så mykje med dagen, Einar! Det vart ikkje strikkalestar på dagen i år, men det  får kome seinare.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Travel helg på dokke, skjønar eg.
"Elskhug og Eksis" på Hilde, Elin og meg i kveld. Runar Nybø frå Ørsta hadde ei stor rolle. Veldig bra og kjekt, sat ute 2 timar i amfiet på Plassen og det gjekk bra.
Ha ei fin helg!

Besta sa...

Ja, alt skal skje denne tida, her er det festspel, med mange arrangement kvar dag.Vi har det ikkje travelt, det er kjekt at noko skjer.Men Nils er ikkje bra i foten og det er litt uvant-sidan det er eg som plar vere plaga med det.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...