onsdag, juni 22, 2011

Bok nr. 35 - 2011: Et stille, umerkelig drap.

Dette er same forfatterane som skreiv om "Gutten i kofferten", den har eg lese før.
Eg likte veldig godt begynnelsen av boka, fordi eg der fekk eit lite innblikk i eit miljø som var totalt ukjent for meg. Hendinga i boka startar nemlig i Ungarn, i rom-miljøet der. Det skildrar det elendige livet til sigøynerane i Budapest.
Folk lever på eit eksistenminimum og gjer nesten kva som helst for å få tak i så mykje pengar at dei overlever. Nokre reiser til Danmark i sommartida for å spele og tene pengar. To gutar finn ymse ting i ein ruin av eit sjukehus frå Sovjettida som dei prøver å selje på nettet, og dermed er handlinga i gang.Resten av historia foregår i Danmark, og det blir etter kvart ganske tøft. Løysinga på "mysteriet er ganske finurlig, og ikkje det ein ventar.
Konklusjonen min er at boka er best til å begynne med, seinare vert det litt langdrygt-eller kanskje var det berre eg som gikk lei?
Det mest positive er alvoret som ligg bak brotsverka. Det tragiske i det som skjer. Les gjerne meir på nettet.

4 kommentarer:

solveig sa...

Kanskje eg kan få låne MP3-en din? Eg likte godt den førre!

Besta sa...

MP3-en min er full av bøker, og no har eg begynt å bruke den sjølv. Det beste er at du tek med din, eller brukar den vesle min, som eg ikkje får til å bruke. Treng hjelp til å slette....Alle bøkene ligg på maskina.

solveig sa...

Eg skal fikse det. Må nok låne din vesle. Skal ordne det eg vil ha. Mo Hayder si siste?

Besta sa...

Skal rippe den i kveld. Den heiter HUD.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...