onsdag, mai 25, 2011

Bok nr. 29 - 2011: Tibake til Riverton

Eg begynner å bli veldig trøtt av lydbøker, bokstavelig tala. Så snart eg legg meg ned med ei bok på øyret, somnar eg. Derfor må eg gjere på noko mens eg les, og då må eg sitte. Det kan eg ikkje gjere så lenge-og derfor kan eg ikkje lese bøkene så fort som eg eigentlig vil.
Dette er Kate Morton si debutbok, og den er vel blitt det vi kallar ein "bestseller".Eg var ikkje udelt begeistra då eg las boka, sjølv om den tok seg opp på slutten. Etter at forfattaren kom med sine "etterord", forstod eg betre kvifor ho skiv som ho gjer.
Handlinga går kort sagt ut på at det skal lagast ein film om livet på Riverton gods slik det var på første halvdel av 1900-talet, og den 98 år gamle Grace, som tidlegare hadde vore hushjelp på godset, skal hjelpe filmskaparane med å få det heile så autentisk som råd er.
Heile boka er veldig visuell. Ikkje minst fordi vi har sett så mange engelskeTV-seriar og filmar frå denne tidsepoken, ser eg det heile så tydelig for meg. Her er mykje dramatikk og gode skildringar av menneske og miljø.
Grunnen til at eg finn boka tidvis nokså kjedelig er at den er så langdryg. Men eg trur forfattaren prøver å skrive i ein bestemt tradisjon, som var typisk for tida ho skildrar. Boka er på 14 CD-ar-den skulle ha vore på ti, max. Men som fjernsynsserie ville den blitt fabelaktig.
Språket er til dels litt pussig og lite interessant, men det kan også ha med omsettinga å gjere. Det er vanskelig å komme med døme når ein ikkje har papirutgåva, men eg skal prøve å komme med eit par døme.
"Hun var tredje hjul på vognen i forhold til sine søsken" var ein seiemåte som var litt underlig. Og så var der noko om ein purpurrød svale, og ei jente med hår med farge som jordbær, blondt..... etc.
Eg har lese ei anna bok av same forfattaren som eg likte betre. "Den glemte hagen", heitte den.

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg ser at forfattaren har kome med ny bok, og at dei første er på billegsal i papirutgåve. Eg har ikkje lese noko av forfattaren.

STRIKKEMOR(O) sa...

Eg fekk bok nr. tre i posten i dag. Gler meg til å ta fatt på den. Ser på bøkene til Morton som koseleg og lettlest underhaldning. Då eg las "Tilbake til Riverton", tenkte eg og på kor bra den ville bli som BBC-serie. Men eg er einig med deg i at bøkene hennar er for lange. Synest dette gjeld mange bøker no for tida.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...