tirsdag, november 09, 2010

Vermelding 9. november 2010

Klokka er snart 12 og ute skin sola. Men om ei lita stund forsvinn ho bak Melshornet. Ho blir nok vekke berre ei lita stund i dag, men så vert denne stunda litt lengre for kvar dag som går. Temperaturen er minus tre grader og her er ikkje MYKJE snø.Sjekk hekken til naboen, den står med fullt lauv, og det er grønt.
Eg har alltid sagt at Ørsta er vakrast om vinteren, men eg har ikkje sagt at eg LIKAR vinter og kulde.I alle fall ikkje så tidlig på året. Fordelen er at det blir lysare og lengre dagar.
I dag har eg ikkje gjort mykje anna enn å vaske håret etc.+ pakke ut kofferten. Skulle til tannlegen klokka 14, men så ringde dei og spurde om eg kunne komme klokka 13 i staden. Det var ikkje meg imot. Ein time mindre å grue seg ! Veit heller ikkje korleis det blir å ligge i tannlegestolen aldri så lenge men den ryggen eg har i dag. Det å sitte i bilen ein heil dag er ikkje akkurat det BESTE eg skal gjere. Ja, no må eg slutte å syte, og heller sette på ei maskin med klesvask. Ha ein god dag!

4 kommentarer:

Hildegard sa...

Her er det nok kaldare, men sola har vore vekke i snart 3 veker, minus 6,5 kl 09 i dag. Svein jobbar litt med klerommet, har ikkje fått inspirasjon til å ta fram målarsakene endå.

arieldog sa...

Vi har sola nokre få timar for dag heime, men arbeidsplassen min ligg genialt til når det gjeld solskin.

Besta sa...

Nede i Vik, der det ikkje var sol,var det minus 8 grader då vi var på heimveg. I stranda utanfor Volda var det minus 2. Det viser at sola har varme i seg enno.

solveig sa...

Eg begynner å føle meg gammal når eg tenker at denne vinteren vert lang og kald, huff ...

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...