mandag, november 08, 2010

Vermelding 8.november 2010

 
Klokka er no 18.45. Ute er det minus 6 grader C og snø.
Det var reine julestemninga då vi køyrde inn på tunet for ei lita stund sidan. Ein eller annan av naboane hadde vore så snill å moke både tunet og trappa, og det kom vel med.
Vi køyrde frå Kongsberg klokka 9 i dag tidlig, veret var nydelig; sol og ca 8 minusgrader.Vi køyrde i eitt opp til Gol, ein tur som tek ca 2,5 timar. På eitt av kjøpesentera på Gol er vi etter kvart godt kjende.I dag handla vi ikkje, men var på kafé og kjøpte oss Foccaiabrød med mozarella, bacon, tomat etc. Vi var ikkje så veldig svoltne, med det er ikkje så mange andre stadar å stoppe på denne strekninga. Kaféen heiter Mon Bien, eit namn eg synest passar godt på Gol.
Så var eg innom husfliden og kjøpte meir lestegarn.På fjellet var veret bra, om enn ikkje så fint som då vi reiste nedover.
I Lærdal stoppa vi på ein gard og kjøpte poteter, gulrot og rabbe(kålrabi). Vi handla der i fjor også.Og det er kjekt å ha slike matvarer på lager.
I Lærdal var der bert, tørt og fint. Såg ikkje snø før vi var langt oppe i Sogndalsdalen.
Vi bomma litt på ferja på Fodnes, men ferja på Anda trefte vi akkurat. Der møtte vi forresten Audny.Vi tok beine vegen heim, ferje frå Folkestad klokka 17.45. Stoppa på KiWi og handla med oss litt mat, og så blei det pølser til middag.
No skal eg pakke ut litt, men må innrømme at eg er litt susete i hovudet av all bilkøyringa.Får sjå om eg greier å halde balansen etter kvart. Kjekt å vere på tur, men også kjekt å komme heim att.
No kjenner eg meg sånn litt sår i halsen etc. Slik blir ein gjerne når ein sit i tørr bilvarme ein heil dag, men eg ser ikkje heilt bort frå at det kan vere forkjøling på veg, sidan alle tre gutane på Kongsberg var noko snufsete.

6 kommentarer:

solveig sa...

Mange fine bilde på innlegga no! Er Lerdalstunnelen gratis no?

arieldog sa...

Kjekt å sjå bileta også på dei tidlegare innlegga. Og det hadde vore kjekt å ha godgutane nærare. Velkomne heim!

Hildegard sa...

Godt de er vel heime. Koselege bilder frå Kongsberg.

Besta sa...

Lærdalstunnelen har alltid vore gratis, Solveig,men går ut frå at du meiner tunnelane på begge sider av Fjærland? Dei blir gratis den 26. november i år, så neste gong....
Elles driv dei og utbetrar vegen i Lærdal, mellom "sentrum" og tunnelane. Den skal bli ferdig i juni 2011.Det er store forbetringar på denne vegstrekninga i løpet av få år.
Elles vil eg minne deg på at Lærdalstunnelen er tunnelen mellom Lærdal og Aurland, den som er 24 km lang.

Hildegard sa...

Til trøyst for Solveig: Vi har endå ikkje køyrt Lærdalstunnelen! No har vi planer om mange turar som vi ikkje har køyrt endå - som travle besteforeldre og omsorgsarbeidande pensjonistar siste åra. Det blir nok både Atlanterhavsvegen og Lærdalstunnelen til våren/sommaren no når vi har kjøpt ny bil.
Til Olaug: Turen dykkar har vi køyrt mange gongar, nydeleg over fjellet, også via Fagernes.

Besta sa...

Turen over Hemsedalsfjellet køyrer vi mange gonger for året, men om Fagernes køyrer vi berre når vi køyrer Flya. Lærdalstunnelen har vi køyrt to gonger.Det er ei oppleving, til tross for at eg somme gonger vert overmetta av tunnelar.
Elles veit de at vi følgjer med på diverse vegprosjekt.No gler vi oss til Kvivsvegen blir ferdig. Atlanterhavsvegen køyrde vi første gongen i 1991.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...