Klokka er snart 18, og det er mørkt ute. Temperaturen står på minus 10 og veret er som før. I går var det forresten målt minus 19 på Follestaddalen. Nils har vore ute og gått ein liten tur i dag også, men eg har vore inne og styrt med huslige syslar.
Margrete og ungane+ Einar skulle komme til middag i dag, men så tikka det inn meldingar om sjukdom og ev.sjukdom, så eg kunne ikkje legge opp til noko storveges. Det blei ferdigkjøpte medisterkaker i brun saus-is og frukt til dessert. Amanda var sjuk i går,men frisk i dag,så ho skulle på ballettøving; Ingeborg måtte stå over. Eirik blei henta heim frå skulen, så han kom ikkje her. Det er berre vanlig omgangssjuke, så det går fort over, men trasig mens det står på. Margrete, dei to minste + Einar kom, men dei vart her ikkje så lenge, for Amanda skulle danse klokka 17. Det er show på laurdag, så det var viktig at ho var med akkurat i dag. Ingeborg og Amanda skal danse i kvar sitt show, så det blir to forestillingar på oss.
Dagane er korte når ein er seint oppe og mørkret kjem tidlig, men eg har ikkje tenkt å stresse så mykje framfor jula. Når ein er pensjonist treng ein ikkje vaske og styre så mykje midt på vinteren. Baking skal det bli minimalt av i år også. Har kaker frå i fjor jul enno. Det viktigaste er at alle er friske og har det bra.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 20 24: 3.mai
Klokka er no18.30, temperaturen ute er + 20 grader. Det har vore ein strålande dag, med sol frå klar himmel. Eg har vore her åleine heile d...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
2 kommentarer:
Det er ei travel tid, ikkje mykje plass til sjukdom ...
Nei, vi ventar nesten på å få sykja "vi gutta" også, men akkurat no er vi friske alle i heimen her. Det er travle tider både på jobb og med alle fritidsaktivitetane - det er det som er vårt julestress.
Legg inn en kommentar