søndag, november 28, 2010

Vermelding 28. november 2010

Klokka er no litt over 3 (15) og temperaturen er minus 10 grader ute. Veret er det same som det har vore, så vi kan i alle fall ikkje klage på mørketid.Nils var ute ein tur f.m. men eg har pusla med forskjellig inne. Blant anna har eg leita etter ei strikkeoppskrift som eg har brukt mange gonger, men som no er sporlaust borte.Merkelig kor mykje tid ein kan bruke på å gjere nesten ingen ting.
Vi har nettopp ete middag, det blei omnskokt sei på grønnsakseng etter Solveig si oppskrift. Meierismør hadde vi ikkje i hus, så det blei margarin i staden. Det blei veldig godt, og vi åt opp alt, men eg veit kva eg skal gjere annleis ein annan gong.
Eg får framleis ikkje til å legge inn bilde på laptoppen, og eg hugsar ikkje om dette kameraet er innstallert på den andre maskina. Veit ikkje om eg skal bry meg om å prøve ein gong. Vi har snakka mykje om å kjøpe eit nytt kamera, og kanskje blir det julegåva vår i år: Til Olaug og Nils. Frå Nils og Olaug. Det begynner etter kvart å bli mykje å halde orden på for gammalt folk, ledningar og diverse komponentar som skal koplast til her og der. EG har i alle fall mist oversikta.
Naboen vår, som skada seg med motorsag i går, kom heim frå sjukehuset i dag. Han får truleg ikkje varig mein. Han var heldig midt i uhellet.

6 kommentarer:

solveig sa...

Kamera bruker å legge inn seg sjølv første gongen...
Nyekameraet mitt bruker same kaber som MP3-en (og din som eg har her). Dei som lager ting kan godt samarbeide om slikt. Ein treng ikkje vere gammal for å bli sprø av dette!

Anonym sa...

Kva med å bruke minnekortlesaren på laptopen?

Besta sa...

Det er minnekortlesaren eg har brukt heile tida på laptoppen, men no blir alt svart så snart eg stikk minnekortet inn.

Hildegard sa...

Kanskje slitasje på minnekortet? Har du prøvd med nytt minnekort?

Bjørg sa...

Vi har kjøpt to nye kamera. Då kan vi skrive Til Hans frå Bjørg på det eine og Til Bjørg frå Hans på det andre. Eit er grått og det andre er svart. Så vi ser forskjel.
Det er praktisk å ha like. Då kan vi hjelpe kvarandre med bruken.

Besta sa...

Tenkte på det med slitasje, men trur ikkje eg vil kjøpe nytt minnekort til dette kameraet.Det har vore mykje brukt!

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...