Dessverre virka det ikkje som det skulle då eg skulle legge inn bilde nummer to i går, så det blir vermelding utan bilde i dag også. Men veret er som det har vore; klårt og kaldt. Akkurat no er tempen ca minus 9 grader, i går kveld var han nede på minus 14.I dag rakk ikkje sola ned til oss. Men det er ikkje synd i oss, vi har både varmepumpe og ved, og ikkje treng vi å gå ut heller. Nils er rettnok ute og går seg ein tur; ærendet er å sjå etter skog han kan felle.
Eg har hengt opp jule-kjøkkengardiner og pussa vindua innvendig på kjøkkenet, elles driv eg å småryddar og pyntar littt til advent. Nils har fått opp div.lys ute og inne.Til middag i dag skal vi ha Carlo spekesild frå boks, det er noko av det beste som finst. Nils har hamstra Claustaler på tilbod, så det spørs korleis det går med det lageret etter spekesildmiddagen.
Det kan hende vi tek oss ei lita handlerunde seinare, men så langt har vi respektert at det er handlefri dag.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2025:22.juni
Klokka er no 17.00, temperaturen ute er +14 grader og det regnar for det meste. Då har dei det litt finare dei som er på bildet over- I å...

-
Her har eg prøvd kantklipparen bort under buskene, men så kom regnet. Klokka er no 16.01, temperaturen ute er + 13 ...
-
Klokka er no 17.54, temperaturen ute er + 16 grader, det var overskya til å begynne med i dag og tilløp til regn, det har blitt finare etter...
1 kommentar:
Det vart nok handling på oss og i dag, m.a. Claustaler. Eg skal servere svineribbe til moldensarane i morgon. Riskrem til dessert. Det er vel adventskost?
Legg inn en kommentar