tirsdag, november 30, 2010

Vermelding 30. november 2010

Klokka er snart 12, og veret er det same som det har vore. I dag er temperaturen  minus 12 grader.
I dag fekk eg plutselig til å legge inn bilde igjen; no hadde vi tenkt å kjøpe nytt kamera, men kanskje  vi set det på vent.Vi skal nedover og handle litt i dag, men eg går og somlar -er som katten vil helst ikkje ut i kulden. Men på Amfi er det varmt og der får vi det meste. Har vaska  golv og strikka litt i dag, men treng å komme seg ut dørene somme tider.Dessutan må eg handle inn litt remediar til diverse baking. Småkaker blir det ikkje.
Bildet er tatt frå parkeringsplassen ved Amfi ca klokka 14. Som de ser kjem det skyer inn fjorden,så no blir det spennande å sjå kva som skjer.Nede i Vik var det minus 14 og lite fristande å gå opp i gata,så det blei til at vi for heim att. Nils fekk kjøpt seg to cordfløyelbukser på Dressmann for 499kr. Eg lånte med meg ei bukse frå Miss B for å prøve heime. Den kosta 899 kr. Heldigvis/ dessverre passa den ikkje. Ikkje like lett for alle å finne noko som passar. ( Blir litt sur. Trur eg må ha meg ein tur til Jorun Erdal i Stryn.)Utanfor Amfi stod der ein stakkars pølseseljar, synest han kunne fått kome inn for døra. Vi kjøpte to store spekepølser - godt å ha.

1 kommentar:

solveig sa...

I dag hadde vi kokt fisk til middag, så eg var litt svolten då eg handla. Dermed kom eg heim att med spekemat og to sortar sild i fine glas ...
Det er no det smakar best!

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...