onsdag, desember 01, 2010

Vermelding 1.desember 2010

Klokka nærmar seg halv tre og vi skal snart ete middag. Ute er det framleis kaldt, minus 10 grader C her oppe i bakkane hos oss, kaldare nede i sentrum.
I dag har eg vore relativt flink. Har baka ei kake og ein porsjon grove rundstykke. Eg skriv det på kontoen for juleførebuingar. Nils har vore ute og rydda litt rundt dørene, elles har han mykje arbeid med fyring og stell av katt.(Ser at denne setninga kan misforståast). I dag fekk Advokatten lunka vatn, for vi var lens for melk. Såg ut som han sette pris på å få varmt drikke i kulden.I dag skal vi ha fiskekaker frå frysaren, det er vel snart slutt på lageret, håper eg, og så snart det blir mildver kjem vel fiskaren seg på sjøen att. Vi saknar å ha fersk fisk.

3 kommentarer:

Wenche sa...

-20 her, brr. Har vær sjuk i over 2 veker så her er det ikke pynta stort. En lilla løper og noen adventskalendere er alt. Men når jeg slutter å vrenge lungene døgnet rundt så skal det bli litt mer.

Hildegard sa...

Godt med litt frossen fisk i frysaren. I går hadde vi nydeleg seibiff med løk (fått av Nils) i lag med Oserane, men det minkar på lageret her også. Når ein ser kva det kostar å kjøpe kortreist fisk i butikkane, skjønar ein verdien av det Nils gjer med fisking og tillaging av fine filétar.

Besta sa...

Visste ikkje at du har vore sjuk, Wenche. Nils hostar også, men berre litt no. Eg blei fort frisk igjen.Tida rundt jul er også den tida folk er mest sjuke, det er slik kvart år.
Ja, eg må seie eg set pris på all fisken vi har tilgang til vanligvis, og vi har sei i frysaren. Å kjøpe fisken som ligg på butikken er lite tenkbart for oss,då er det betre å kjøpe heile kartongar med frosen filet.

Dagbok 20 24: 3.mai

 Klokka er no18.30, temperaturen ute er + 20 grader. Det har vore ein strålande dag, med sol frå klar himmel. Eg har vore her åleine heile d...