torsdag, desember 02, 2010
Vermelding 1.desember 2010
Klokka er har no passert 13.00 for ei lita stund sidan. Veret er om lag som før, men litt mindre kaldt. Termometeret står på minus 6 grader C, så det er no nesten varmt. Dagane går som ein røyk utan at eg får gjort så mykje. No har eg ei Brasiliansk fruktkake, dobbel porsjon, ståande i omnen, så då blei det litt juleførebuing i dag også. I går kveld strikka eg ferdig hua til Margrete, og i dag begynte eg på skjerf.Tok bilde, men då eg skulle legge dei inn, vart det svart skjerm igjen. Så no må vi berre ta oss sammen og få kjøpt eit nytt kamera.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:16.september
Klokka er no18.00, bildet er tatt for ei lita stund sidan.Då braut sola seg i gjennom skodde og skyer som vi har hatt rikeleg av i dag. Eg ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar