torsdag, november 25, 2010

Vermelding 25. november 2010

Klokka er no ca 15.00. Vi har det same fine veret, og temperaturen er minus 9 grader.
Eg har litt trøbbel med datamaskina når eg skal legge inn bilde, derfor er det lånte og gamle bilde som kjem på bloggen i dag.
I dag fyller Harald 70 år, dagen etter at yngste barnebarnet fylte 7. Vi feira dei begge i går.
Det har vore ein svært kald og vinterlig november i år, så eg fann ut at at som kontrast ville eg finne fram bilde frå 60 årsdagen. Den dagen feira han saman med familie og naboar på Bjørnaset, mens dei to eldste barnebarna var her hos oss. Ingeborg og Eirik plukka bjørnebær i hagen vår og rosene stod i full blomst, men så var det er særdeles fin haust i år 2ooo !
Vi sender ei varm helsing til Harald og gratulerer med dagen!
Eg har vore på kafé i lag med eit par veninner i dag, etterpå var den eine av dei og eg på ei lita butikkrunde. Eg lånte med meg heim ein kjole som dessverre ikkje svarte til forventningane då eg fikk den på.Å kjøpe klede blir meir og meir deprimerande.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hei! Ser barnebarnet ditt har på seg ein fin raud srikkagenser med hestemotiv på...Veit du noko om dette mønsteret? Har ei datter som har lyst på gensar med hestemotiv, og dette var så fint! Johanne

Besta sa...

Det var ei tid eg dreiv og "dikta" mange mønster sjølv. Dvs. eg fann litt her og litt der og sette i hop.Dessverre kan eg ikkje hugse kvar eg fann desse hestane. Eg hugsa at jenta og eg kalla genseren:Ryttere i snø.

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...