onsdag, november 24, 2010

Viva Volda! Viva Erlend!


I dag feira vi bursdagen til Erlend på restauranten VIVA  VOLDA, og på menyen stod det tre sortar pizza + spaghetti og kjøttsaus til bursdagsbarnet. Han fekk mange gåver, både av det harde og det mjuke slaget. Hos oss fekk han mellom anna ein elektrisk tannbørste, som vi visste han ønska seg.Bursdagsbarnet var den som først meinte selskapet hadde vart lenge nok. Han hadde nemlig fått ei stor eske med Star Wars-Lego av foreldra og hadde lyst heim att og bygge.
Det er skikkelig kaldt ute i kveld; her hos oss er det  no ca 11 grader  minus, ved flyplassen var det minus 12 grader og kaldare skal det visst bli.
Men her er ikkje rim på trea slik er har sett på bilda til Bodil og Hilde frå Eid.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025:22.juni

  Klokka er no 17.00, temperaturen ute er +14 grader  og det regnar for det meste. Då har dei det litt finare dei som er på bildet over- I å...