onsdag, november 17, 2010

Vermelding 17. november 2010

 
Bildet er teke klokka 13.00. Då kan de sjå at sola ikkje rakk ned til oss, men vi hadde sol ei stund frå klokka 10 og utover. Og så kjem ho att seinare i dag ein tur. Temperaturen ligg på 0 grader C. Det er greitt at det er kaldt og klårt, men her hadde vi trengt nokre mildversdagar så vi hadde fått rydda opp ute, raka lauv t.d.Her ligg snø enno.
Vi er framleis forkjøla, men ikkje sjuke. Nils sette ut att båten i hamna i dag, så garasjen skulle bli ledig til bilen. Han hadde vaska og stelt båten mens han stod på land. No håper han sjølvsagt at det kan bli nokre fisketurar til før jul, så vi får oss litt ferskfisk .Eg har berre styrt litt i huset, har ikkje så mykje eg MÅ gjere i dag.
Filmen Cornelis har gått fleire gonger på kinoen her, kanskje siste dagen i morgon, og eg har ikkje fått sett den enno. Kan ikkje gå på kino når eg har slike nyse-byger at taket kan løfte seg. Ja, den kjem vel att seinare. Alle nye filmar kjem hit med ein gong, sidan her er såkalla "premierekino."

3 kommentarer:

Bjørg sa...

Bra at de er på bedringens veg. Vi har heldigvis vore friske så langt.
Eg driv og ryddar i gamle papir og permar. Det er mykje ein har teke vare på. Men kanskje vi må ta med oss noko, så vi ikkje blir historielause. Eg har ein perm med avisutklipp frå fleire år tilbake. Det er interessante ting. Vanskeleg å kaste.

Besta sa...

Eg har også slike permar, men eg har slutta å samle på papir. No scannar eg og samlar på data.
Eg rydda og kasta veldig mykje første året eg var pensjo. Det "hardaste" var å kaste alle notatane frå dei to studieåra på DH i Volda.Elles skriv eg litt frå gamle dagar på bloggen innimellom, etter oppfordring frå Solveig.Hadde skrive om heile barndommen min fram til ca 13 år, men miste alt då maskina kollapsa -og då orka eg ikkje å begynne på igjen.

Hildegard sa...

Synd at du mista det du hadde skrive, sikkert interessant lesestoff for oss og våre born også. Trur du har godt minne og kan bidra i ei eventuell framtidig slektshistorie. Du må prøve ein gong til - og då ha klar minnepenn/brikke og ta kopi etter kvart. Kjekt med bilder i tillegg til tekst. Kanskje det blir bok av det? Sjå berre på Irene Wedvik kva ho fekk til.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...