Klokka er14.45. Temperaturen ute er + 8 - 9 grader C og det regnar.Stort meir er det ikkje å seie om den saken.
Vi har nettopp ete middag. For ei tid sidan laga eg nokre porsjonar med gammaldagse kjøttkaker og fraus. Eg venta å finne att gode og saftige heimelaga kjøttkaker slik som ein fekk i gamle dagar. I staden fann eg nokre som var både små og faste. Eg lurer på om andre er ute for det same, nemlig at kjøttkakene minkar under steiking fordi dei gir ifrå seg væske, anten feitt eller vatn.Kan aldri vite kva dei puttar i maten no for tida. Eg nektar å tru at det er meg det er noko i vegen med, har tross alt ei viss erfaring med å lage kjøttkaker, dessutan brukar eg oppskrift - for sikkerheits skuld. "Men gjort er gjort og spist er spist", som han sa reven.
I dag har eg gjort to ting: vore til frisør og på butikken. Det var herlig å få shina opp håret både på eine og hin måten.Var lei av å ha så mykje hår hengande fram i ansiktet. Har tenkt oss ein tur til Kongsberg neste veke, men må tilbake til den 9.nov. for då er det tannlege igjen.
I kveld er det full pakke på TV-skjermen-så då er programmet lagt.
God helg til alle blogglesarane!
7 kommentarer:
Eg har også merka at kjøttkakene krympar når eg steikar dei. Dette skjer på grunn av at vatnet i dei fordampar, ikkje fettet.
Det trur eg også, for elles ville dei ikkje blitt så "faste i fisken".
Må nok til Volda og kjøpe kjøttdeig hos Jacobsen viss eg vil lage GODE kjøttkaker.
Lenge sidan eg har sett kjøtdeig utan tilsett salt og vatn , det seier vel sitt ...
Prøv med litt bakepulver i deigen... har brukt det i alle år, og mine kjøttkaker er luftige og " porøse", sjøl etter frysing.... T.
God helg til dokke og!
Det er nok skilnad på kjøttdeig ein får kjøpt i butikken. Den dyraste er vel den beste som med mykje anna?
Eidabesta
Ja, eg trur faktisk det var kjøttdeigen som ikkje heldt mål. Kjøper ofte den billegaste og til Taco, gryterettar etc. er den grei nok. Til kjøttkaker må ein ha noko skikkelig.
Legg inn en kommentar